Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje positivt for Røldal

Artikkelen er over 6 år gammel

Fylkesmann Lars Sponheim er tydeleg på at Odda kommunestyre sit med all makt når det gjeld spørsmålet om Røldal og grensejustering fram til utgangen av 2016.

– Det var ikkje eit positivt møte for Røldal sin del, seier Jarle Sandal frå arbeidsgruppa.

I samband med at Lars Sponheim Odda kommunestyre måndag, fekk også arbeidsgruppa for ny kommunestruktur i Røldal møta fylkesmannen.

Sandal visar til at fylkesmannen var tydeleg på at Odda kommunestyre sit med all makt når det gjeld spørsmålet om Røldal og grensejustering fram til utgangen av 2016.

Arbeidsgruppa visar til at Odda har grensejustering på dagsorden når det kjem til Mauranger, Etne og Ullensvang, og seier Røldal forventar å bli ein del av denne prosessen.

– Sponheim foreslo at vi burde jobba for eit bygdeutval med eigen økonomi, opplyser Sandal.

Han fortel at folk i Røldal har vore ein pådrivar for dette, men har så langt ikkje blitt høyrd av Odda kommune.

– Dette handlar ikkje om Røldal skal ut av Odda eller ikkje, men om kva som er best for bygda si framtid. Så er det opp til politikarane i Odda om dei vil gå oss i møte, avsluttar Sandal.

Ordførar John Opdal seier at bygdeutval kan vere ein modell det er verdt å sjå nærare på. Han opplyser at den vidare utgreiinga om Røldal til slutt må behandlast som eigen sak i Odda kommunestyre.

Kommentarer til denne saken