Gå til sidens hovedinnhold

– Ikkje øydelegg samfunnet vårt!

Artikkelen er over 8 år gammel

Torsdag hadde eit hundretals elevar møtt opp utanfor kommunehuset i Odda, der fylkesutvalet skulle behandle saka om den kommande skulebruksplanen for Hordaland.

– Eg er nøgd med svaret frå fylkesordføraren så langt, no får vi håpe at han også gjer det han seier, sa elevrådsleiar ved Odda VGS, Jostein Skeie til HF, etter at han hadde levert elevrådet sine krav og forventingar til fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

  • Sjå fleire saker nedst i artikkelen

Skulebruksplanen har som målsetjing at ungdommen ikkje skal måtte flytte heimanfrå, og at regionsentera skal styrkast.

Det har elevrådet merka seg, og spør fylkespolitikarane om kvifor dette ikkje gjeld i Odda.

Elevrådet reagerer mellom anna på at det er ein sterk industri i området, og at dette samsvarer dårleg med nedtrapping av studiespesialiserande linjer.

– Alvorlege konsekvensar

Det vert også peika på at når ungdom vert tvinga ut av Odda for å bu på hybel, vil det ha konsekvensar ikkje berre for den einskilde student, men for heile lokalsamfunnet.

– Fylkesordføraren sa at han skulle ta med seg argumenta våre til møtet i fylkesutvalet, og at dei skulle verte ein del av debatten. Eg håpar politikarane skjønar alvoret i saka, og kva konsekvensar det vil bli om dei ikkje endrar kurs, seier Skeie.

Står samla

I tillegg til at Odda VGS og Odda ungdomsskule stilte med slagord og parolar torsdag, kom det og bussar med demonstrerande elevar frå Kvinnherad, Austrheim, Etne, Austevoll og Bømlo/Fitjar. Næringslivet og industrien i Odda var og sterkt representert.

Elevrådsleiar Martha Tveito frå Kvinnherad VGS, og Elida Valvatne frå elevrådet på Stord VGS var blant demonstrantane torsdag.

– Sjølv om vi ikkje er nøgd med alle svara, er vi nøgde med at politikarane kom ut for å snakke med oss, seier dei. Dei er og veldig nøgde med oppslutninga rundt demonstrasjonen, og seier at det å behalde mangfaldet i dei vidaregåande skulane, er ein felles kampsak, som skulane står samla om.

Til HF sa fylkesordføraren at politikarane har fått med seg bodskapen frå elevane.

– Det er ei vanskeleg vurdering. Vi møter tilsvarande argument over heile fylket, og det er mange faktorar vi må ta omsyn til. Det er i alle fall viktig at elevane viser engasjement. Om ein skal bli høyrt, må ein ha sagt si meining, seier Nilsen.

Og det gjorde fleire hundre elevar torsdag føremiddag.

Les fleire saker om skulebruksplanen: