Gå til sidens hovedinnhold

I fengsel for trygdesvindel

Artikkelen er over 6 år gammel

Tiltalte og forsvararen hans bad om frifinning. Deira grunngjeving var at fengselsstraff kunne føre til at at han mista opprykk eller i verste fall mista jobben.

Ein mann i 40-åra frå distriktet må sona fem månadar for trygdesvindel.

Han vart dømt i Hardanger tingrett etter urettmessig å ha fått utbetalt om lag 280 000 kroner. Mannen unnlét å melda til NAV at han faktisk var i arbeid, og førte opp færre timar enn han i realiteten hadde jobba på meldeskjema. Trygdebedrageriet har gått føre seg over halvtanna år.

Tiltalte og forsvararen hans bad om frifinning. Deira grunngjeving var at fengselsstraff kunne føre til at at han mista opprykk eller i verste fall mista jobben. Dei meinte og at ein fengselsdom - og eventuelt tap av jobb - kan gjere det vanskeleg å gjera opp for seg.

Den tiltalte har allereie betalt tilbake store delar av det han urettmessig har fått utbetalt.

Aktoratet synte til rettspraksis, og at det ikkje er aktuelt med samfunnsteneste i staden for fengsel i slike tilfelle.

Fem månadar ubetinga fengsel vart sett som høveleg straff. «Det vil ikkje vera unaturleg at ein straffedom vil kunne få harde sosiale og arbeidsmessige konsekvensar for domfelte, men det gir ikkje i seg sjølv grunnlag for redusert straff», står det i retten si vurdering.

Den domfelte må også ut med 5000 i sakskostnadar.