Opningsåret kom det nemleg i alt 52 båtar til Eidfjord. Året etter var det ein liten nedgang til 47. I fjor var talet heilt nede på 33, medan det i år atter går mot gamle høgder. Neste år er det så langt berre registrert 35.

Tendensen har elles vore at det vert større og større båtar som kjem. Dei 42 båtane som kjem i år har ein pasasjerkapasitet på 59 638, medan dei 35 neste år har 60 000.

Den aller fyrste denne sesongen, MS «Fram» har plass til 400. Han kom alt den 12. april. Ti dagar seinare kom det to, «Ocean Countess» (884) og «AIDAluna» med plass til heile 2500. Dette er den største av båtane i år. Han har alt vore fleire turar og vil koma endå fleire gonger utover sesongen.

Sjølv om mange av passasjerane melder seg på bussturar til ulike mål, vel mange av dei å rusla rundt i sentrum, eller ta ein tur med Trolltoget, eller ein tur med hest og vogn.

Det merkast godt i sentrum, ikkje minst når dei største båtane kjem. Då er det liv og røre og sydande stemning. Den aller siste båten i år, kjem så seint som 14. september. Det er AIDAaura, eit noko mindre systerskip til AIDAluna.