God lokal spytteinnsats

Sara Lutro (13) frå Urheim ved Lofthus vann juniorklassen for andre gong, og viser at ho er eit spyttetalent å rekne med for framtida. Her vert ho gratulert av konferansier Sigurd Sollien.

Sara Lutro (13) frå Urheim ved Lofthus vann juniorklassen for andre gong, og viser at ho er eit spyttetalent å rekne med for framtida. Her vert ho gratulert av konferansier Sigurd Sollien. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Strålande sol, mykje folk, og god lokal spytteinnsats er blant stikkorda for den 19. utgåva av Morellfestivalen på Lofthus.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Frå torsdag til laurdag har den 19. utgåva av Morellfestivalen på Lofthus gått av stabelen. Også i år bada festivalpublikummet i sol, og stemninga har vore upåklageleg.

– Alt har gått enormt bra, med topp underhaldning, mykje folk og ein jamn finale i NM i morellsteinspytting. Dette er den beste festivalen vi har hatt nokosinne, oppsummerer festivalleiar Per Olav Opedal til Hardanger Folkeblad, etter at dagsprogrammet for festivalen var over laurdag.

Heiderspris til Soldal

Og det er vanskeleg å argumentere imot at årets morellfestival vart ein stor suksess. Det heile begynte torsdag kveld, der årets heiderspris vart delt ut. Mange vil vere einige i årets utdeling, då juryen meinte at det var Jostein Soldal som i aller størst grad har gjort seg fortent til heider og ære.

– Vi vil gjerne finne kandidatar som ikkje gjer så mykje for å framheve seg sjølv, men som likevel legg ned ein stor innsats for fellesskapet. Det Jostein har gjort for området vårt den siste tida er unikt, og også tidlegare har han utmerkt seg i Ullensvang som ei eldsjel i lokalsamfunnet, seier Opedal.

Fredag kunne publikum oppleve Hardangerauksjon med Kjell Fuglehaug og dans med Sølvsuper, før det laurdag var klart for mellom anna vitskapsshow med festivalgjengangar og tv-fysikar Andreas Wahl, diverse musikalske innslag, morellshow med Tomm Percy, og ikkje minst det som for mange er sjølve høgdepunktet i morellhelga; NM i morellsteinspytting.

God lokal spytteinnsats

Etter kvalifiseringsrundane skulle noregsmeisteren bli kåra i tre klassar; junior, kvinner og herrar. Allereie i juniorklassen skulle det bli stormande jubel i eit fullstappa festivaltelt, då det lokale spyttetalentet Sara Lutro (13) imponerte stort med eit vinnarspytt på heile 8,35 meter.

– Eg vann for to år sidan, så eg trudde kanskje eg hadde moglegheit til å vinne også i år, sa ho til HF etter at sigeren var eit faktum.

Trikset hennar fram mot konkurransen har vore å ete mykje moreller heime, med påfølgjande spyttetrening.

– Då eg vann sist gong spytta eg 7,40 meter, så eg er veldig nøgd med resultatet i dag. Dette er første gong eg har spytta over 8 meter i konkurranse sa Lutro, som var ulasteleg antrukke i morellkjole for anledninga.

Også i dameklassen vart det lokal siger, då den lengste morellsteinen til Gerd Synne Eidnes frå Lofthus landa på 8,79.

I herreklassen var rekordhaldar Sverre Kleivkås skuffa og vonbroten etter å ha svikta i kvalifiseringa, og han tok seg ikkje eingong til finalen. Til HF lova han likevel at han skulle komme sterkare tilbake neste år. Dermed var det opp til Øyvind Ramberg frå Lofthus å forsvare den lokale æra, og han fekk då også ein heiderleg tredjeplass i konkurransen.

Andreas Wahl hadde dagens lengste spytt med 12,19 meter, men dessverre for Tønsberg sitt store håp kom dette i kvalifiseringa. Det er vanskeleg å seie om det var varmen eller nervar som tok han i finalen, i alle høve fekk han ikkje ut sitt potensial, og då det heile var over, var det ein noko overraska Øyvind Gjuvsland frå Suldal som kunne kalle seg noregsmeister i morellsteinspytting 2014. Vinnarspyttet vart målt til 10,92.

Artikkeltags