Gledeleg auke for folkehøgskulen

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Hardanger Folkehøgskule kan registrere eit hopp i søkartalet for skuleåret 2009/2010. Auken frå i fjor er på 44 %

DEL

-Vi har hatt ein gledeleg framgang i forhold til fjor, per fyrste mai i år hadde vi fått inn 220 søknadar. Talet er det høgaste vi har hatt sidan før 2004, seier rektor Trond Instebø.

Dette inneber ei auking på 44 % frå i fjor og 18 % frå gjennomsnittet dei siste åra.

Samstundes har det skjedd endringer i populariteten til dei ulike linjene. Av di det har vært få søkarar er fotballinja no gjort om til Idrett og Friluftsliv, og linja Solidaritetsarbeid vil ta seg ein pause i år. Hest, Friluftsliv samt Klær og Design har derimot fulle klasser. Totalt er det 62 elevar som har takka ja til ein plass ved skulen. Instebø håpar å få fylt dei siste 13 plassane i august, da søkinga som regel tek seg opp att etter sommarferien.

Det er 77 folkehøgskuler i Noreg som alle ønskjer seg fulle klasser til hausten.

- Vi konkurrerer i stor grad med andre folkehøgskular, særleg skular med same type fagtilbod. Men vi konkurrerer og mot oss sjølv. Vi ligg her vi ligg, seier Instebø.

Plasseringa av skulen har nemleg både positive og negative sider.

–Mange kunne tenkje seg våre linjer, men synest vi ligg krøkkete til, seier Instebø.

Samstundes trekk elevane fram plasseringa som ein av skulens store fordelar, fortel han.

Ifølgje Informasjonskontoret for folkehøgskulen har det vore ei auke i søkinga til folkehøgskular generelt i år, men ikkje så betydeleg som for hardangerskulen. Elles i landet var det per fyrste mai ei seks prosent auking frå fjoråret. Dette kan henge saman med auka arbeidslause, og at det difor ikkje er så lett for dei som går ut av vidaregåande skule å finne seg jobb.

No er det stille på Hardanger Folkehøgskule, men 10. juni opnar skulens vandrarheim.

Artikkeltags