Gå til sidens hovedinnhold

– Folk er positive når vi kjem

Artikkelen er over 6 år gammel

Neste veka vil bebuarar i Brotateigen og kring Rymbilen få besøk av Odda brann og redning.

– Aksjon bustadbrann er ein årleg kampanje i desember. Tidlegare har vi hatt fokus på bustader med risko utsette grupper som til dømes rusavhengige eller eldre, men i år har vi valt å nytta aksjonen til ein ekstrainnsats i område med tett trehusbusetnad, fortel varabrannsjef Bjørn Finne.

I Odda gjeld dette dei som er busette i Brotateigen og kring Rymbilen. I Ullensvang er det Agatunet som er registrert på lista over verneverdig trehusbusetnad, og her var det storøving med Ullensvang brannvern for to år sidan. Tysdag, onsdag og torsdag vil om lag 50 bueiningar i Odda få besøk av brannkorpset.

– Folk er positive når vi kjem, og vi vert godt tatt imot av alle. Det gjeld jo eigen tryggleik, seier feiar Heinz Hansen.

Besøket skal vera ein påminning om branntryggleik, og mange nyttar høvet til å kjøpa ting som nytt brannsløkkingsapparat. Kvart besøk tek om lag ein halvtime, og om ein er på arbeid kan ein få avtale seinare.

– Vi kan koma med tips om til dømes val av rett type røykvarslar og plassering. Det handlar om å få folk til å tenka litt, og mange finn sjølv feil mår vi startar å snakka om det, seier tilsynsingeniør Jan Ove Karlsen i Odda Energi.

Kommentarer til denne saken