Gå til sidens hovedinnhold

Fikk 75 dager for trygdesvindel

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein mann i i slutten av 30-åra frå distriktet må 75 dagar i fengsel for trygdesvindel.

Han må også betala 3 000 kroner i sakskostnadar. Han har urettmessig fått utbetalt i underkant av 200 000 kroner.

Det var opplysningar frå Skatteetaten som gjorde at Nav vart merksam på at mannen hadde arbeidd langt meir enn han hadde gitt opplsyningar om. Han hadde fleire arbeidsgjevarar i periden på 14 månader svindelen gjekk føre seg.

Retten skriv i si utgreiing at tiltalte hadde kjennskap til korleis Nav-systemet fungerer og at han visste korleis systemet «var meint å fungera».

Retten meiner mannen - som erkjenner at han «burde visst» - handla med forsett og at han visste han braut regelverket når han «dels unnlot og dels kun oppga deler av arbeidet og dei inntektene han hadde hatt i løpet av periden». Det vert heller ikkje sett med milde auge på at tiltalte har gitt falsk forklaring til offentleg myndigheit.

I tråd med rettspraksis er det ikkje aktuelt å vurdera samfunnsteneste som alternativ straff når svindelen er av ein slik storleik.

Tiltalte har ikkje erkjent straffeskuld, noko som har gjort det naudsynt med full bevisføring i skuldspørsmålet.