Gå til sidens hovedinnhold

Fann ikkje ørekyte på Vidda

Artikkelen er over 6 år gammel

Ørekyte er ikkje ønska i Hordaland, og no ser det ut til at rotenonbehandlinga har fungert for å hindre vidare spreiing av ferskvassfisken vestover.

– For å hindre spreiing av ørekyte inn i Hordaland, vart plantegifta rotenon nytta i område ved Stigstuv og Hætjørn i Eidfjord kommune i 2013. Det vart samstundes etablert nye fiskesperrer, og eldre sperrer vart reparert, melder Fylkesmannen i Hordaland på sine heimesider.

Ørekyte er ein liten ferskvassfisk som høyrer naturleg til i mange vassdrag i Europa, men altså ikkje i Hordaland. På Hardangervidda har aure lenge vore det einaste fiskeslaget, og ein ny art vil vera næringskonkurrent. Det kan og vera mat for større fisk, men dette kan gje auka kvikksølvnivå i auren. I 2011 skreiv Hardanger Folkeblad at ørekyte var attende ved vasskiljet sør for Stigstuv.

– Overvakinga i bufferområdet ved Stigstuv og Hætjørn starta opp att i år ved utlegging av ruser i seks vatn. Områda har òg tidlegare vore overvaka gjennom rusefangst sidan første rotenonbehandling i 1999/2000, skriv Fylkesmannen vidare.

Dei er no nøgde med at det ikkje er fanga ørekyte i år, og viser til at det så langt ser ut til at rotenonbehandlinga i fjor har fungert for å hindra vidare spreiing av ørekyte vestover.