Rundt klokka 2200 tysdag kveld fann besetninga på båten KNM Tyr den dumpa bilen i sjøen ved Brimnes. Med mistanke om forsikringssvindel skal politiet no sikre spor frå køyretyet.

- Det er ein del ting med saka vi ikkje kan utdjupe. Men vi føretek ei åstadsundersøking av bilen i dag, seier politioverbetjent Ragnar Kaldheim til HF.

Køyretyet er ein 1997-modell BMW 520i. Både sjøforsvaret, politiet og eit forsikringsselskap var med på søket frå tysdag ettermiddag.

- At folk melder bilane sine stålne og dumpar dei er noko politiet og forsikringsselskapa ser alvorleg på. Vi prøver å sette ein stoppar for dette, melder Kaldheim.