Gå til sidens hovedinnhold

Ekspressbygging i Røldal

Artikkelen er over 7 år gammel

Denne veka kom dei første mastene til Røldal ekspress på plass i Håradalen, og dette har også sett fart på hyttebygginga.

– Folk vil ha vera så nært trekket som råd. Det er dei tomtene nærast trekket me har seld, fortel dagleg leiar Arne Martin Botnen i Håradalen Utvikling.

Hyttemarknaden har vore treigt ein periode, men i løpet av sommaren har arbeidet med 15 hyttetomter komme i gang.

Denne veka kom dei første mastene til Røldal ekspress på plass i Håradalen, og Botnen ser ein samanheng med dette.

1.700 i timen

Den nye heisen skal stå klar til jul, og kan frakta 1.700 gjester i timen.

– På ein vanleg, fin laurdag har me 1.500-2.000 gjester, og på toppdagane er det over 2.000 besøkjande. Me kjem nok over det denne sesongen, og me er klare for å setja nye rekordar, smiler Oddvar Bratteteig, som er dagleg leiar ved Røldal skisenter.

Heisen tek passasjerane nesten 300 høgdemeter opp på under fem minutt, og kapasiteten ved skisenteret aukar med 35 prosent.

Draum

Det er snart 15 år sidan Bratteteig overtok drifta etter far sin, og ekspressheisen har vore ein draum sidan det.

– Filosofien er å bygga når økonomien tilseier det, og me har bygd stein for stein. Først auka overnattingskapasiteten, så bygde me ny stolheis og varmestove, fortel Bratteteig.

Prislappen er på 40 millionar kroner, og i juni vart det klart at finansieringa var på plass.

Frå Italia

Heisen er laga på bestilling i Italia, og mellom 25 og 30 semitrailerar må til for å få utstyret til fjellbygda. Der vert mastene sette opp av montørar frå Italia og Austerrike.

Til vanleg har Bratteteig seks heilårstilsette, men i byggeperioden reknar han med at 20 er sysselsette. I tilegg kjem entreprenørane som har arbeid knytt til hyttefeltet.

– Her vert det parkeringsplassar, rundkøyring og gatebelysning. Der borte vert det ein sjølvbetent automat for å kjøpa heiskort, fortel Bratteteig, og peikar rundt på det som no er ein byggeplass midt i Håradalen.

Kommentarer til denne saken