Eivind nærmar seg Stortinget

UNG POLITIKAR. Eivind Nævdal-Bolstad satsar på politikken for fullt. Neste år kan han kanskje hamne på Stortinget for Høgre.

UNG POLITIKAR. Eivind Nævdal-Bolstad satsar på politikken for fullt. Neste år kan han kanskje hamne på Stortinget for Høgre. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Oddingen Eivind Nævdal-Bolstad er Hordaland Høgre sitt ungdomsalibi. Han er innstilt som fjerdekandidat på stortingslista, og skal representere heile Hordaland.

DEL

Eivind Nævdal-Bolstad er eit politisk stortalent. Ei samrøystes nominasjonsnemd i Hordaland Høgre har satt han som nr. 4 på stortingslista for valet til neste år.

Dermed kan han fort hamne på Stortinget. Alt Høgre treng å gjere er å gjennomføre eit heilt greitt val i forhold til stoda i dag, så vert han 1. vara. Skulle Høgre hamne i regjerinssposisjon, vil mest truleg listetoppen Erna Solberg få ein ministerpost. Då vert Nævdal-Bolstad medlem av hordalandsbenken i hovudstaden.

Satsar for fullt
Dette er eit høgtidleg sprang for den 21-år gamle økonomistudenten som har teke på seg verv sidan småskulen, kanskje også før det.
- Eg har alltid vore ein engasjert person, og byrja tidleg å interessere meg for politikk.
- Men ikkje først i Unge Høgre?
- Nei, det er riktig. Eg har vore ungdomspolitikar både i Venstre og i AUF, som er to flotte parti. Første møtet eg hadde med politikken var gjennom onkelen min Trygve Bolstad og Arbeiderpartiet. Det var naturleg at det vart slik. Eg var nyfiken og open og det var naturleg å setje seg inn i forskjellige politiske tankar. Jamvel om eg har stor respekt for Ap og Venstre, og alle partia våre, så har eg undervegs kome til at Høgre har ein politikk som ligg meg nærast. Eg trur på enkeltmennesket og at det skal vere lov å lukkast.
- Ein del frie enkeltmenneske har drive og lukkast litt vel mykje rundt om på børsane i verda. Noko av det viktigaste for partiet ditt er å halde dei frie marknadskreftene frie. Kva meiner du om det?
- Eg er ein lyseblå høgremann, og er absolutt tilhengar av ein stat som både kan og vil gripe inn når vanskar som dette oppstår. Vi ser også at Høgre stig på meiningsmålingane når krisane råkar, fordi vi har tillit og erfaring.

Heile Hordaland
- Så no held du deg i Høgre?
- Ja, eg gjer det.
- Kven representerer du på denne lista?
- Eg representerer heile Hordaland, men det vil vere viktig for Hardanger og Odda å ha ein representant dei kjenner, uansett partitilhøyre.
- Kan du fortelje oss namnet på ordføraren i Ullensvang?
- Eh, ja det er noko med sol...
- Eidfjord?
- Nei, det kjem eg ikkje på i farten.
- kva med Ulvik då? Granvin?
- Jo det er ein kraftig fyr....og i Ulvik er det ei dame.
- Kvam? Jondal?
- Ja. Astrid F. Selsvold og Sigrid Handegard Brattebø.
- Korleis tykkjer du denne vesle quizen gjekk?
- Pinleg, ikkje særleg bra. Solfrid Borge! Ordføraren i Ullensvang heiter Solfrid Borge.
- No har vi eigentleg satt strek. Unskyld, det var dårleg gjort. Kan du seie litt om kva politiske saker du brenn for?
- Politikk handlar om det meste, men eg har jo mine favorittar. Utdanningspolitikk er ein av dei. Elles er samferdsle og rassikring viktig for folk, og dermed for meg. Vi fekk ei ny brutal påminning om at vi har ein del å gjere her, då raset gjekk i Odda nyleg. Vidare er eg oppteken av industrien og tilrettelegging for den. Difor var det gledeleg at Boliden no har fått i land ein god kraftavtale. Øvrig utbetring av samferdsla er viktig, og for Hardanger vil det vere ei oppgåve for meg å kjempe for at vegane inn til sentrale stader vert kortare og betre, fortel han.

Ung og erfaren
Trass i sin unge alder, har Nævdal-Bolstad allereie fått med seg rikeleg med erfaring og verv. Han arbeidd to år i Forsvaret, der han mellom anna har vore landstillitsvald. Han har site eit år i Fylkestinget og er no nestleiar i opplærings- og helseutvalet, og han har vore ungdomssekretær i Unge Høgre for å nemne noko.
Endeleg vedak av vallista vert gjort i nominasjonsmøtet 15. november.

Artikkeltags