«Kjere ....... eg har nødt til drepe deg skal eg klare3 å bØgå videre i livet mitt du er de3n største à.. som finnss og er får ikkkje fred før du er død».
Slik lydde meldinga på nettstaden Facebook, signert i fylla av ein frustret mann i 30-åra, like før midnatt ei natt i januar.
Tre andre forhold
I retten måtte han også svara for tre andre straffbare tilfelle frå desember 2010. Mellom anna at han hadde skaffa seg amfetamin og tablettar, at han hadde brukt dette og at han hadde køyrt bil i rus, tilsvarande 1,5 i promille.
Sjølv om han ikkje kunne hugsa at han skreiv trugsmåla, vedgjekk han straffeskuld. Hardanger tingrett slår fast at trugsmåla må vera egina til å framkalla alvorleg frykt fordi det vart trua med drap mot ein namngjeven person, med grunngjeving og at trugsmålet vart sett fram for eit relativt stort publikum - både hans eigne venner på Facebook og at meldingane hans er opne for kven som helst.
Sletta meldinga
Bakgrunnen for trugsmåla skriv seg frå forhold i oppveksten til tiltalte. Han forklarte trugsmåla som han gjorde i fylla, at han ikkje hadde tankar om å utføra dei. Han sletta elles meldinga morgonen etter då han oppdaga kva han hadde gjort.
Retten slår fast at trugsmåla ikkje kan reknast som «blant dei mest alvorlege». For i tillegg til det tiltalte sjølv har forklart, var ikkje trugsmåla sett direkte fram mot den dei galdt og vedkomande fekk fyrst vita om dei då politiet kontakta han.
Aktor la ned påstand om 35 dagar fengsel. Retten reduserte til 25, som vart gjort ubetinga på grunn av promillekøyringa. I tillegg vart han dømd til ei bot på 5000 kroner og tap av førarkort i to år, som var i tråd med aktor sin påstand.