Gå til sidens hovedinnhold

Dette er brannfarane i desember

Artikkelen er over 6 år gammel

Nattmat etter julebordet, stearinlys i adventstida og utandørs belysning er av tinga som kan vera brannfarlege i desember.

– Det er auka bruk av elektriske anlegg, levande lys og meir matlaging med bruk av til dømes smultgryter i desember. Detta kan vera brannfarleg, seier varabrannsjef Bjørn Finne i Odda brann og redning.

Dei siste ti åra har 50 personar omkomme i brann i Hordaland, og tal viser at desember er den mest brannutsette månaden. På andreplass er januar, og i Noreg er komfyren den største enkeltårsaka til brann.

– Tørrkoking skjer heile året, men i desember toppar statistikken, fortel Finne.

Julegåve?

Jan Ove Karlsen, tilsynsingeniør i Odda Energi, oppmodar enkelt og greitt til «kald mat som nattmat». Han legg til at komfyrvakt er ei ideell julegåve.

– Den overvakar temperaturen på komfyren, og gjer eit varsel om den vert for høg. Om du ikkje gjer noko då, skur den av komfyren, forklarar Karlsen.

Det er eit krav for alle nye installasjonar og rehabiliteringar etter 2010. I utgangspunktet var det meint for eldre, men Karlsen understrekar at det er noko alle vil ha nytte av.

– Folk pussar opp, men gløymer sikringsskapet. Dei oppgraderer ting som kjøkkenutstyr, men ikkje det elektriske anlegget, påpeiker ingeniøren.

Også ein ny elbil, som skal ladast i garasjen, kan føra til overbelastning. Finne viser til at eit barnerom i dag, med nettbrett, TV og anna elektronisk utstyr, ser heilt annleis ut enn for berre ti år sidan.

– Ein må tilpassa seg dagens forbruk, og oppgradera til den bruken ein har, understrekar dei to, og legg til at det også er viktig å passa på at pærene ein kjøper til juletrelysa er riktige.

– Bruk av feil lyspærer i juletre og dekorasjonar kan medføra brannfare, forklarar feiar Heinz Hansen.

Ein bør og sjekka om leidningar kan ha knekt då dei vart pakka vekk, og om ein har lys ute må ein vera bevisst på skøyteleidningane. Her kan det oppstå jordfeil, og ein bør nytta godkjend utstyr.

Røykvarsling

1. desember er den offisielle røykvarslardagen, og oppmodinga er at alle bør skifta batteri i røykvarslaren sin i dag. I utgangspunktet bør ein sjekka at den verkar ein gang i månaden, og om ein har vore vekke over lengre tid.

– Regelverket er at ein skal ha ein fungerande røykvarslar som ein kan høyra i alle soverom. Ein skal og ha utstyr til å sløkka brann, men det er opp til den enkelte om det er ein slange, pulver- eller skumapparat, forklarar Finne.

Brannvesenet oppmodar også folk til å avtala ein møtestad utandørs i tilfelle brann. Dette er viktig fordi ein då unngår misforståingar som gjer at andre går inn og leitar.

– Det er og viktig at alle kjenner plasseringa, og kan nytta sløkkeutstyret, understrekar Finne.

Kommentarer til denne saken