Gå til sidens hovedinnhold

- Det har vore full gass og mykje styr

Artikkelen er over 7 år gammel

Born som vil sprenga skulen, vaksne som vil kjøpa CD-en og media som vil ha historiar om ran i India er nokon av dei som har ringt Lothepus den siste tida.

- Det har vore full gass og mykje styr, seier Leif Einar Lothe, også kjend som Lothepus.

Det er ein månad sidan dokumentarserien Fjorden Cowboys hadde premiere på TV2 Zebra, og i tida etterpå har telefonen ringt i eitt hos entreprenøren.

Medan ein del vil kjøpa CD-en, har born spurd om hjelp til å sprenga skulen og Dagbladet om den gongen han vart kidnappa i India.

- Det var berre å gje pengar, eller å ligga i grøfta med ei kula i hovudet, fortalde Lothepus til avisa, som kjende til historia på førehand.

Nye episodar

Førre veke var Lothe og makker Joar Førde og på God morgen Norge. Førde, som er kjend for sin kjærleik til kvinner, tok mellom anna med sider til Wencke på kjøkkenet.

- Det gjekk bra, men eg vart litt flau, kommenterer Lothe, som prøver å driva som entreprenør mellom all merksemda.

Onsdag kveld var det klart for nye episodar av dokumentarserien, men sjølv om hovudpersonen meinte at han ikkje visste kva ein kunne venta seg, er ikkje regissøren eining.

- Både Leif og Joar har sett igjennom alle episodar, fleire gongar, dei har godkjent og veit godt kva som kjem på TV, presiserer Hildegunn Wærness, som har regissert dokumentarserien.

Her kan du lesa kva HF sin anmeldar meinte om dei to første episodane.