Fire elevar ved Odda vidaregåande skule fekk under russefrukosten i førre veke prisar, heider og ære for sin innsats.
Vegar Haara Tjemsland stakk av med Teknaprisen, ein pris som vert gitt til ein elev som har full fordjuping i tre realfag innanfor ordinær tid. Prisen på heile 10.000 kroner vart i år delt ut for fyrste gong.
– No er planen å studera realfag vidare. Eg er glad i både fysikk, kjemi og matte, seier Tjemsland som mellom anna har søkt på studiar i Trondheim. I grunngjevinga for prisen heiter det at eleven har utmerka seg ved høgt fagleg nivå, skriftleg og munnleg, som fagleg pådrivar og ressursperson i faggruppene.
I tillegg har han utmerka seg i samarbeidsevne og delingskultur. Prisen vart delt ut av Geir Johan Westerlund i Tekna, fagforeininga for teknologar, realistar og naturvitarar.
Heidra for nynorskbruk
– Som realist er du nok garantert å få jobb. Jobbutsiktene ser bra ut for alle fag, spår Westerlund. Prisen skal delast ut kvart år, men kan bli delt på to elevar. Odda vidaregåande skule sett naturleg nok stor pris på at Tekna har oppretta prisen.
Men det var ikkje berre Vegar som vart heidra. Bak Opedalprisen står Haldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige føremål, og den var det Martin Finne som fekk for beste nynorskelev i utdanningsprogramma ST (studiespesialiserande og ID (idrettsfag).
Med 2500 kroner og eit diplom seier han seg godt nøgd med prisen. Mildrid Kråkevik fekk Nynorskprisen til Odda Mållag, og Alexander B. Opedal fekk Nynorskprisen for beste nynorskskrivande bokmålselev.
Mildrid fekk prisen som heider for god og sikker bruk av nynorsk i alle fag og fekk ein sjekk på 2500 kroner. Alexander, som har bokmål som hovudmål, har ifølgje grunngjevinga vist god og sikker bruk av nynorsk og fekk også ein sjekk på 2500 kroner. Prisen er ny av året og vart delt ut for fyrste gong.
Lokalavisa i viktig rolle
– Eg tykkjer nynorsk er et flott språk. Sjølv er eg er mest komfortabel med bokmål, men eg vil at nynorsk fortsatt skal bli brukt, seier Opedal til HF. Og han kjem også med ei tilråding til lokalavisa:
– Hardanger Folkeblad er i ein unik posisjon til å bera nynorsken vidare, seier han. Det meiner også Kråkevik som ikkje tykkjer noko om forslaget om eitt skriftspråk i Noreg:
- Språk handlar om identitet. Eg er ikkje for å berre ha eit skriftsspråk, svarar ho..