Den omkomne er henta opp

FANN DEN OMKONE. Miniutbåten vart frakta ut til funnstaden i ein gummibåt.
Foto: Johs H. Sekse

FANN DEN OMKONE. Miniutbåten vart frakta ut til funnstaden i ein gummibåt. Foto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 9 år gammel

Ein miniutbåt fann den sakna Inge Børslien i dag, onsdag litt før klokka tolv.

DEL

Som nemnt tidlegare i dag, vart søket etter den sakna Inge Børslien (48) teke opp att i dag.

I tillegg til politi, brannvesen og Sivilforsvaret, deltok Kjell Tore Olsen og Per Sherling frå bergensfirmaet Oecan Sar i den omfattande operasjonen.

Dei to sistnemnde hadde med seg miniubåt. Etter at den var klargjort og sett ut på isen, gjekk det berre tre kvarter før den sakna vart lokalisert på nesten 80 meters djupn.

Den omkomne vart deretter henta opp, og frakta inn til ein ventande bårebil.

Både politifyrstebetjent og innsatsleiar på staden, Per Helge Sekse og kollega Ragnar Kaldheim er glade for at han vart funnen så snart, ikkje minst med omsyn på dei pårørande og heile oddasamfunnet.

Artikkeltags