Gå til sidens hovedinnhold

Cowboyane på Gullruten

Artikkelen er over 7 år gammel

Slått av Monsen og hundene, men vil vinna festen.

Det var Monsen og hundene som fredag fekk Gullruten for årets beste dokusåpe, men på førehand forklarte Joar Førde at det å vinna ikkje spelte så stor rolle for hardingane.

– Det vert det same som å ikkje vinna. Det vert jo kjekt. Me skal vinna festen med festen med sider og bunad, sa Førde til BA.

Avisa legg ikkje skul på at dei to cowboyane er mest opptekne av fest, men dei var begge kledd i bunad då dei gjekk den røde løparen inn i Grieghallen fredag.

- Fantstisk

- Det følets heilt fantastisk. Det var ein kamp å få gjort programmet og heilt utruleg at me konkurrerer med så fantastiske programmer, som er godt etablerte. Berre å verta nominert er ein stor siger for oss, sa regissør Hildegunn Wærness då det vart kjend at Fjorden Cowboys var nominert til Gullruten.

Det er Flimmer Film som står bak serien, og det vart nyleg kjend at TV2 har bestilt 20 nye episodar.

Dei andre nominerte var:

Brøyt, produsert av NRK for NRK

Optimistene, produsert av Skofteland for NRK