Brattabø Handegard ynskt

Sigrid Brattabø Handegard er ynskt inn i sentralstyret i Sp.

Sigrid Brattabø Handegard er ynskt inn i sentralstyret i Sp. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Valkomiteen i Senterpartiet ynskjer Sigrid Brattabø Handegard inn sentralstyret.

DEL

Landsmøtet avgjer saka i eit ekstraordinært møte 7. april. Trygve Slagsvold Vedum er innstilt som ny leiar etter Liv Signe Navarsete, som ber om avløysing etter interne konfliktar i partiet og det dårlege valet sist haust.

Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal, har fartstid både som ordførar i heimbygda og som politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet. For tida er ho tilsett som landsbylos i Jondal, ei stilling ho fekk og som venta på henne medan ho var i regjeringsapparatet.

Fleirtalet vil ha Anne Beathe Tvinnereim (Akershus) som fyrste nestleiar og Janne Sjelmo Nordås (Nordland) som andre nestleiar.

Mindretalet ynskjer Ola Borten Moe (Sør-Trøndelag) som fyrste nestleiar og Anne Beathe Tvinnereim (Akershus) som andre nestleiar.

Valkomiteen har to ulike framlegg til sentralstyremedlemmer, avhengig av kven som vert fyrste nestleiar.

Brattabø Handegard er deira framlegg til Hordaland sin representant uansett nestleiar-utfall.

Artikkeltags