Gard Hjørnevik Risan tek over varaordførarklubba frå partifelle Kjetil Kvalvik.

AP og SV får kvar sitt mandat i formannskapet, der SP sit med tre. Her vert styrkjeforholdet fem-fire. Val-vinnar Venstre har to mandat, Krf og Høgre ein kvar.

For å få fleirtalskabalen i hamn, er AP også lova ein plass i Plan- og ressursutvalet.

I valbolken som no går mot slutt, samarbeidde Senterpartiet, som det største, med Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti, medan opposisjonen bestod av Høgre, SV og Venstre.

No går altså SV inn i ein fleirtalskonstellasjon, medan Krf har valt å bytte partnar på grunn av skulesaken, der dei er på line med Venstre. Dei to partia vil som kjend oppretthalda skulestrukturen som i dag, med tre skular på kvar fjordside.