Best i verda

BEST I VERDA. Fjordlandskapet  toppar lista over i alt 133 vurderte reisemål på kloden.
Arkivfoto: Johs H. Sekse

BEST I VERDA. Fjordlandskapet toppar lista over i alt 133 vurderte reisemål på kloden. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 8 år gammel

National Geographic har på nytt kåra det norske fjordlandskapet til det beste reisemålet i verda.

DEL

I ei omfattande undersøking gjennomført mellom 437 ekspertar av National Geographic Societys Center for Sustainable Destinations og National Geographic Traveler Magazine, har fjordlandskapet i Noreg fått toppkarakter og øverste plassering, heiter det i ei pressemelding frå Fjord Norge AS.

Max poengsum

133 av dei beste reisemåla i verda har vore med i undersøkinga og alle har vorte evaluerte opp mot evna til å ivareta destinasjonen på en bærekraftig og autentisk måte, heiter det.

Vidare har ein vurdert korleis destinasjonane tilbyr eineståande kvalitetar som sikrar integriteten som reisemål.

Fjord Norge fekk 85 av 85 mogelege poeng. Då ein siste vann same kåring, i 2004 fekk regionen 82 poeng.

Ære og utfordring

Det er særleg lagt vekt på evna til å ta vare på den spektakulære og eineståande naturen og å sikra eit levande fjordlandskap med busetnad og ekte kultur.

Kristian B. Jørgensen, administrerende direktør i Fjord Norge, ser det som ei stor ære og ei utfordring. Dette er ein inspirasjon og ei påminning om kor viktig det er å ta vare på natur og kvalitetaar.

Kvalitet før kvantitet

Utfordringa er også å auka avkastinga utan det det går ut over natur og kvalitet og målet er å ha toppkarakter også i framtida.

- Målet bør vera å oppnå kvalitet framfor kvantitet, slik at de sikrar at poengsummen til Noreg vert den høgaste i verda innan bærekraftig reiselivsutvikling også i framtida, seier Jonathan B. Tourtellot, direktør for National Geographic Societys Center for Sustainable Destinations.

Artikkeltags