85-åring sakna på Tyssedalsfjellet

Redningshelikopterert vert brukt både til søk og til å frakta mannskap inn i terrenget.

Redningshelikopterert vert brukt både til søk og til å frakta mannskap inn i terrenget. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Søket etter den sakna 85-åringen er stilt inn for kvelden, og tirsdag morgon vil ein starta finsøk og utvida leiteområdet.

DEL

- Me har ikkje gjort funn. Mannskapet er trekt inn av to årsakar, og det første er tryggleiken i mørket, seier Per Helge Sekse ved 20.30-tida.

Den andre årsaka er at ein har leita så mykje i dagslys, at ein ikkje finn det hensiktsmessig i halde fram i mørket.

- Me har gått over det aktuelle området fleire gangar. Me vil starta finsøk i dette området, samt utvida søket, fortel Sekse.

Søket startar opp att når dagslyset kjem ved 9-tida onsdag morgon. Både politi, redningshundar og Røde Kors vil halde fram.

Fjellkle

Kommandosentralen som er oppretta i Tyssohallen vil også vera base for søket onsdag.

Fleire lag frå Røde Kors, frivillige, politiet og fire fem hundar frå Norske Redningshuder har tirsdag leita i området der den 85 år gamle mannen er sakna.

- Han var kledd i fjellkle og kan vera vanskeleg og finna. Han skal ha gode og varme klede, og hadde med utstyr for ein helgetur, opplyser Sekse.

Gjekk laurdag

- Ein eldre mann gjekk til hytta på laurdag, men kom ikkje ned til avtalt tid, sa politibetjent Njål Hope då søket starta mandag.

Den 85 år gamle mannen vart meldt sakna i 12-tida mandag og leitinga starta ved 15-tida.

Mannen er fjellvant og kjent i området.

I følgje skal kjensfolk turen til hytta i Langedalen normalt ta halvanna time, men Sekse legg til at det er snakk om ein eldre person og at turen kan ha tatt lengre tid. Det ser ikkje kjent om mannen kom fram til hytta.

Frå Skjeggedalsvegen

- Me leiter med utgangspunkt i hytta han skulle gå til. Me leitar og frå topp og framover, forklarar Sekse.

Bilen til den sakna står parkert på Skjeggedalsvegen, og ein leitar både på ruta herfrå og i områder der kjensfolk meiner han kan ha gått.

Det er brukt varmesøkande kamera for og finna mannen, og post- og teletilsynet har prøvd og peila telefonen hans utan og lukkast.

Tidlegare i ettermiddag vart folk i Skjeggedal og på Topp bedt om å skru av telefonane sine fordi dette slår innpå peileutstyret. Like før klokka 21 melder politiet på Twitter at bebuarane i Skjeggedal kan slå på telefonane igjen fordi søket er avslutta.

Artikkeltags