16 lister frå Hordaland godkjend til stortingsvalet

STILLER TIL VAL. Øvst frå venstre: Roald Aga Haug (Ap), Terje Kollbotn (Raudt), John Opdal (H) og Sverre Kleivkås (V).

STILLER TIL VAL. Øvst frå venstre: Roald Aga Haug (Ap), Terje Kollbotn (Raudt), John Opdal (H) og Sverre Kleivkås (V). Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

...Og desse politikarane frå Indre Hardanger stiller til val på listene.

DEL

16 lister frå Hordaland stiller til stortingsvalet til hausten. Det er Fylkesvalstyret som no har godkjent listene, skriv Hordaland fylkeskommune på sine heimsider.

Dette er ei liste meir enn ved stortingsvalet for fire år sidan, og tre lister er nye: Piratpartiet, Folkemakten og De Kristne.

Dei 16 godkjende listene er:

  • Arbeiderpartiet
  • De Kristne
  • Demokratene i Norge
  • Folkemakten
  • Fremskrittspartiet
  • Høyre
  • Kristelig Folkeparti
  • Kystpartiet
  • Miljøpartiet Dei Grøne
  • Norges Kommunistiske Parti
  • Pensjonistpartiet
  • Piratpartiet
  • Rødt
  • Senterpartiet
  • Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre

Stortingsvalet skjer til hausten og datoen er mandag 9. september, men enkelte kommunar har òg val søndag 8. september.

Frå Indre Hardanger finn vi fleire lokale politikarar som stiller til val på listene. Desse er:

Ap: (Nummer sju på lista): Roald Aga Haug, 1972, Daglig leder, Odda

Ap: (Nummer 21 på lista): Gard Folkvord, 1969, Industriarbeider, Odda

DIN: ( Nummer to på lista): Marianne Solheim, 1982, Odda

DIN: ( Nummer fire på lista): Kjell Einar Nilsen, 1942, Odda

DIN: (Nummer seks på lista): Kåre Instanes, 1952, Odda

DIN: (Nummer 12 på lista): John Ingolf Hauge, 1974, Odda

DIN: (Nummer 16 på lista): Berit Stegane, 1947, Odda

Høyre: (Nummer 16 på lista): John Opdal, 1953, Ordfører, Odda

Rødt: (Nummer tre på lista): Terje Kollbotn, 1951, Bygg- og anleggsarbeider, Odda

Sp: (Nummer to på lista): Sigrid Brattabø Handegard, 1963, Jondal

Sp: (Nummer 16 på lista) Samson Hamre, 1957, Ullensvang

Venstre: ( Nummer åtte på lista): Sverre Kleivkås, 1972, Autorisert seniorfinansrådgjevar, Ullensvang

Venstre: (Nummer 18 på lista) Maren Eimind Børslien, 1991, Student, Odda

Artikkeltags