Razika avlyser etter badeulukke

Bergensbandet Razika avlyser sju Utflukt-konsertar, og kjem med det likevel ikkje til Eidfjord fredag.

Bergensbandet Razika avlyser sju Utflukt-konsertar, og kjem med det likevel ikkje til Eidfjord fredag. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Bergensbandet kjem likevel ikkje til Eidfjord.

DEL

Razika skulle etter planen spele på Samfunnshuset i Eidfjord kommande fredag, som del av ein Utflukt-turné med sju konsertar. Konserten er no avlyst, etter ei badeulukke.

"Vi beklager å måtte meddele at Razika har sett seg nødt til å kansellere den forestående Utflukt-turnéen. Dette har sin bakgrunn i at en av medlemmenes far har vært utsatt for en badeulykke på Tenerife. Hans tilstand betegnes som kritisk, men stabil, og følgelig blir det vanskelig for bandet å gjennomføre de planlagte konsertene", skriv Utflukt/MADE i ei pressemelding.

Ungdomsrådet i Eidfjord, som stod som lokal arrangør av konserten, erstattar konserten med diskotek og bad taste-party på Gamleskulen (fritidsklubben). Det vil bli konkurransar med diverse premiering under arrangementet.

Aldersgrense frå 7. klasse til 18 år, arrangementet tek til klokka 19:00.

Artikkeltags