Rannveig Djønne kjem «heim»

LÆRER FRÅ SEG. Rannveig er ikkje berre utøver. Ho underviser også. Her saman med Ågot Bjotveit til  venstre og Katrina Helle Tveisme. Dei øver til kulturskuleavslutning på Seke måndag.
Foto: Johs H. Sekse

LÆRER FRÅ SEG. Rannveig er ikkje berre utøver. Ho underviser også. Her saman med Ågot Bjotveit til venstre og Katrina Helle Tveisme. Dei øver til kulturskuleavslutning på Seke måndag. Foto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 9 år gammel

I 1983 fekk ho den fyrste toradaren sin. Vilkåret var å øva ein time kvar dag. I mellomtida har ho gledd og rørt mange med spelet sitt. Men det skulle gå 25 år før ho gav ut fyrste plata.

DEL

Fredag kveld er det plateslepp på Djønno. Då har Rannveig Djønne invitert spelvenene sine til å halda konsert i skulehuset. HF møter henne i eit anna skulehus - nemleg i Kinsarvik der ho underviser elevar på nettopp toradar.

Ei av dei er Lina Høyland Opedal. Nett det er litt kuriøst for far hennar, Leif Gunnar, er truleg grunnen til at den blide jenta frå Djønno vart toradarfrelst.

Då Rannveig fekk den fyrste toradaren sin, måtte ho øva minst ein time kvar dag. Det gjorde ho. Men etter eit års tid med sjølvstudium var ho på sett og vis mett, og det butta litt imot. Det var då Leif Gunnar Opedal dukka opp og kom til Djønno og underviste talentet.

Noregsmeister

Etter det har det vorte meir og meir. Etter kvart har ho gledd mange med spelet sitt, både her heime men også mykje untanbygds.

Gjennom åra har Rannvieg også spela i mange ulike grupper. I 1993 og -94 vart ho til og med Noregsmeister med gruppene «Vossaspretten» og «Tines». Ho har elles studert ved Ole Bull akademiet der ho var ferdig der i vår.

Dei store inspirasjonsheltane i starten var «Toradartrioen» frå Ål i Hallingdal. Etter å ha spela ein del år, ynskte Rannveig å utvikla sitt eige uttrykk, slik det var vanleg mellom dei store hardingfelespelarane.

Seinare har ho også komponert sine eigne låtar. Det er difor mange som har sett fram til at den alltid blide jenta frå Djønno skulle koma med cd.

Skriv historie

For Rannveig var det enkelt å velja sleppstad. Både ut i frå slåttematerialet, tittel på utgjevinga og ikkje minst oppveksten hennar, var det heilt naturleg at ho tok ei «Spelferd heim».

Det gjer ho altså i kveld, saman med dei seks venene som også var med på innspelinga.

Dei er dei tre vokalistane Lajla Renate Buer Storli, Kim André Rysstad og Tuva Syvertsen. Inger Elisabeth Aarvik bidreg på piano, og hardingfelespelaren Arngunn Timenes Bell, som på plata er med på fleire samspelnummer saman med Rannveig. Produsent og felespelar Anders Hall er også med og spelar.

Nybrotsarbeid

Med denne cd'en skriv Ranneig også folkemusikkhistorie. Det er nemleg fyrste gong det vert utgjeve ein cd med tradisjonsmusikk på durspel frå Hardanger og Voss.

Gjennom gamle opptak får ein i tillegg eit eineståande innblikk i durspelhistorikken med einradarspelemannen Knut Hegle (1880-1965) frå Voss.

Noko historikk finn ein også på omslaget til plata.

«Spelferd heim» er eit nybrotsarbeid i Vestlandssamanheng. Rannveig har teke toradaren inn i nye samspelformer med mellom anna song, hardingfele og piano.

Sin eigen stil

Ho har også utvikla ein heilt eigen stil på toradaren med ein tydeleg sans for det melodiøse.

Dette kjem godt fram gjennom både komposisjonane hennar eigne og gjennom utvalet ho har gjort av gamle hardingfeleslåttar frå Hardanger og Voss, som ho har arrangert for toradaren. Cd'en vert gjeven ut på hennar eige plateselskap «Djønno Records».

Det skulle altså ta 25 år før ho kom med plate. Men i kveld gjer ho det ved å dela musikken sin med andre. Etter konserten vert det servering - og med så mange musikarar til stades skal ein ikkje sjå bort i frå at det vert høve til å dansa litt og, sluttar ho.

Artikkeltags