- Her smeltar draum og røyndom saman, sa styreleiaren og annonserte eit program som i år er breiare enn nokon sinne.
Ho tykte det var ekstra kjekt at Stig Nilsson i år har fått med seg sonen Anders Kjellberg Nilsson som musikalsk ansvarleg. Kleveland filosoferte elles litt rundt kvifor mange av dei fremste musikarane våre finn ut at dei vil koma til Hardanger Musikkfest.
Det kunne i alle fall ikkje vera honoraret, meinte ho, før ho la vekt på samarbeid som grunnlaget for suksessen, som musikkfesten, den 13. i rekkja, no har vorte.
Lokale krefter
Ordførar Solfrid Borge, som med skaut og bunad blenkte om kapp med Folgefonna i bakgrunnen, la vekt på at opninga denne gongen skjedde på sjølvaste frigjeringsdagen. Ho poengterte elles kor viktig det var at så mange lokale musikkrefter får høve til å vera med.
Festspeldirektør Per Boye Hansen heldt sjølve opningstalen og vedgjekk med ein gong ei av sine største synder. Det var nemleg fyrste gongen han hadde vore i Ullensvang.
I slekt med Festpillene
Han fullroste deretter musikkfesten i Hardanger og la vekt på slektskapet med ”storebror” i Bergen. Ein av fellesnemnarane var naturleg nok Edvard Grieg.
Dei to arrangementa er elles med og gjer Vestlandet til eit av dei viktigaste kulturområda i Europa, sa han. Begge to fokuserer i år på dei to store frå Hardanger – komponisten og musikaren Geirr Tveitt – som for øvrig heitte Nils – og diktarhovdingen Olav H. Hauge, som med nokre vekers mellomrom ville ha vorte 100 år i år.
Helsa marinekorpset
I tillegg framheva han festspeldiktar Jon Fosse. Til slutt helsa han direkte frå dottera til Geirr Tveitt – Gyrid, som seinast same dag hadde sendt han ein sms der ho bad han helsa både musikkfesten og ikkje minst Kongelig Norsk Marines Musikkorps.
Dette var også ein flott introduksjon til hovudaktøren under opningskonserten, som på nytt kasta glans over festen. Fyrste avdeling spela korpset stykke av Tveitt medan Liv Bernhoft Osa las og deklamerte dikt av Hauge.
Velkomne med æra
Med ”Det er den draumen” og deretter eit eige arrangement av ”Ver no velkomne med æra”, var det heile i gang.
Etter pausen spela marinekorpset saman med den prisløna og verdskjende sopranen Ann-Helen Moen, som viste ei imponerande spennvidde frå Romeo og Juliet til West Side story.
Før ein avsluttande rumensk rapsodi og ekstranummer, serverte korpset ein spesialkomponert fanfare, spesielt til ære for Stig Nilsson og Kjellaug Holm, som dei hadde hatt mest samarbeid med.
Rikhaldig program
Seinare på kvelden var det nattkonsert i Ullensvang kyrkje, der også Vertavokvartetten og Ole Edvard Antonsen var med.
Fredag held det rikhaldige programmet fram, mellom anna med salongmusikk frå stove til stove, Tango i Sima, komponistmøte og Heksene i Lindehuset og kveldskonsert i Hardangerhallen på Hotel Ullensvang.