Pengedryss over unge talent

Av og
Artikkelen er over 11 år gammel

Sparebanken Hardanger har avsett to millionar kroner til gåver dette året. 325 000 av dei vart delt ut med rund hand onsdag.

DEL

Hardanger og Voss har ei rekkje imponerande talent innan kultur. Det har også Sparebanken Hardanger både oppdaga og no også honorert. Onsdag hadde dei invitert i alt sju personar med fylgje og ein institusjon til pengedryss på Ole Bull Akademiet på Voss.

Det er andre året at Hardingbanken deler ut kulturstipend og gåver i dette omfanget. Og i år har dei dobla summen til to millionar kroner. Dette opplyste administrerande direktør Oddmund Teigland, då han ynskte alle velkomne til ei stund med både kulturelle innslag og utdeling.

I alt hadde 26 søkt om stipend, noko som er langt fleire enn i fjor. Det, i tillegg til kvaliteten på søkjarane, gjorde at juryen bad om å få dela ut eitt stipend meir enn det styret hadde vedteke. Det fekk dei aksept for, og dermed var det sju vinnarar som kom gjennom nålauga, som Teigland kalla det.

Ikkje lukrativt

Bakgrunnen for kulturstipenda er at dei som utdannar seg innan kunst og kultur har minst like lang og dyr veg som andre. Men det er ikkje alltid like lukrativt når dei kjem i arbeid.

- Me har difor valt å støtta dei som vel utradisjonell utdanning, sa Teigland, som sjølv sat i juryen. Han stod for pengekompetansen medan Leif Rygg tok seg av det musikalske, Magnhild Egge idrett og Tone Tveito Eidnes biletkunst, då dei valde ut vinnarane.

Etter orienteringa frå banksjefen, spela Alexander Aga Røynstrand frå Granvin ein slått på hardingfele, før styreleiar Anved Johan Tveit tok over og losa resten av arrangementet vidare. Han overraska fyrst av alt med eit tilskot på 100 000 kroner til Krisesenteret på Voss, som sårt treng nye lokale.

Vil verta regissør

- Med dette får me realisert draumen om skikkeleg hus, sa leiar Nina Øvstedal, før Tveit og juryen byrja å dela ut dei sju kulturstipenda. Mellom dei som vann 25 000 kroner var Dagny Moland Sæbø frå Eidfjord. I fylgje juryen er ho ei ambisiøs ung dame med klare mål om å verta regissør innan teater og kanskje også film.

For tida går ho på Guildhall School of Music & Drama i London. Når ho er ferdig der i 2009, har ho ei utdanning som er nyskapande i England. Noreg har ikkje noko tilsvarande. Målet er å verta regissør, noko ho arbeider hardt og målretta for å verta.

Biletkunstnar

Jorunn Haugse, som er oppvaksen på Djønno i Ullensvang, fekk også 25 000 kroner. Ho er biletkunstnar og illustratør. Ho har utdanning frå universitetet i Birmingham og planar om å starta på magistergrad ved Kunsthøgskolen i Bergen frå hausten.

Jorunn har delteke i ei rekkje utstillingar, og har ein fast laurdagsteikneserie i avisa Hordaland. Ho har også skapt ein kortfilm som ho har fått mykje vellæte for.

Den siste innan vårt dekningsområde, var Gerd Meland frå Ullensvang. Ho var ein av dei to som fekk heile 50 000 kroner. Heilt sidan musikkskulen og deretter skulemusikklaget, har ho spela og studert klarinett.

To klarinettar

Ho er både utøvar og pedagog i tillegg til at ho studerer. Dei siste åra har ho halde til i Austerrike. For tida held ho på med diplomstidue i utøvande musikk ved musikkuniversitetet i Wien. Der har ho ingen ringare enn professor Ernst Ottensamer som lærar.

Meland held elles på å prøva få seg jobb i symfoniorkester i Europa. Dagen etter utdelinga, prøvespela ho for filharmonien i Bergen. Ho kvitterte for sjekken med å spela tre korte smakebitar av ein klarinettsolo av Igor Stravinsky - på to ulike klarinettar!

Den andre som fekk 50 000, var skiløparen Sjur Røthe frå Voss. 18 åringen har alt markert seg med fleire medaljer i junior-VM. Alexander Aga Røynstrand frå Granvin fekk 25 000. Den lovande folkemusikaren skal kjøpa seg ei ny hardingfele til over hundre tusen. Kirsten Møen Thorseth, Voss fekk stipend for songen sin, medan keramikar Birger Åseson Storaas frå Jondal skal starta på magistergrad ved Kunsthøgskulen i Bergen frå hausten.

Alle prisvinnarane synte elles at dei kan meir enn faga sine. Dei synte glitrande taleevner. Med pengane frå Hardingbanken kan dei sjå monaleg ljosare på framtida.

(Framsidebilete:JOLENISSE I MAI. Anved Johan Tveit var raus med sjekkane onsdag. Her er det skiløpar Sjur Røthe som får 50 000 etter at Gerd Meland har fått sin.)

Artikkeltags