Målpris til Reidun Horvei

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Folkemusikaren Reidun Horvei vart torsdag kveld på Ullensvang Mållag sitt årsmøte tildelt mållaget sin pris.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Avtroppande leiar i Ullensvang Mållag, Turid Nesheim overrekte prisen. I grunngjevinga for å gje målprisen til Reidun Horvei, sa ho at Horvei i alle år har vore ein uvanleg fin brukar av målet vårt, både skriftleg og munnleg.

-Ho har kombinert songen med kulturprogram, forteljingar og historiar. Og i det høve har me lyst til å trekkja fram arbeidet hennar med to store konsertar på Hardanger folkemuseum, "Folketonar i ventetid" og "Bind deg ein blomekrans".

- Reidun Horvei er ein svært nøyen språkbrukar, og brukar alltid nynorsk. Me tykkjer at me har funne ein særs verdig person til å ta imot målprisen for 2011, sa Turid Nesheim mellom anna.

Reidun Horvei sa at ho sette prisen høgt. Ho kvitterte for prisen med to songar. Eit barnekor som hadde vore med på "Bind deg ein blomekrans" song for prisvinnaren.

To tiendeklassingar vann målpris for beste nynorskstil. Det var Åsne Kvalnes og Hilde Eiken Helle.

Artikkeltags