Lite mannfolk til singeltreff på Sandhaug

Sandhaug turisthytte har god plass til vanleg. Komande veke er det ekstra god plass til menn i alderen 50 til 65 år.

Sandhaug turisthytte har god plass til vanleg. Komande veke er det ekstra god plass til menn i alderen 50 til 65 år. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Medan kvinnene er raske, er mannfolka trege med å melda seg. Me snakkar om singeltreff på Sandhaug turisthytte

DEL

«OBS! Kvinnene er raske til å melde seg på. Nå kun ledig for menn» les me på heimesida til DNT Oslo og Omegn.

Nærmare bestemt er det påmeldt 15 kvinner og berre tre menn. Opplyser turkonsulent i aktivitetsavdelinga Hilde Magnussen til Hardanger Folkeblad.

- På eit tilsvarande treff i fjor melde det seg 24 deltakarar. Også då var mannfolka trege i avtrekkjaren, men dei kom på slutten og gruppa hadde nesten lik kjønnsfordeling, seier ho.

I programmet deira vert det lokka med alt frå svermetur til badestranda ved gamle Sandhaug til bålkos, grilling og tur til frodige Dimmedalen.

Hestar tek deler av bagasjen inn til turisthytta ved Nordmannslågen. Fisken let seg villig dra opp og ein av kveldane vert det dans til levande musikk, lokkar dei med.

Ein av dei fem dagane vert det lunsjtur til nabohytta Besso.

- Påmeldingsfristen går no mot slutten, men til denne turen vert det gjort eit unnatak, seier Magnussen. Etternølarar kan melda seg på heilt til sundag ettermiddag, men då på nettsida deira. Turen går frå fyrstkomande måndag til fredag.

I fjor var det sett aldersgrense mellom 45 og 60 år, dette året gjeld turen for dei mellom 50 og 65.

Artikkeltags