Kvart million til regionhistoria

FÅR STØTTE. Tre av medlemane i nemnda for regionhistorie, frå v: Inge L. Reinsnos, Lars O. Bleie og Oddmund Hus.

FÅR STØTTE. Tre av medlemane i nemnda for regionhistorie, frå v: Inge L. Reinsnos, Lars O. Bleie og Oddmund Hus. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Hardanger Historielag kan gle seg over 250 000 kroner frå fylket til prosjekt Regionhistorie for Hardanger i 2008.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Saka skal opp på møte i kultur- og ressursutvalet i morgon. Fylkesrådmannen rår kultur- og ressursutvalet til å løyva midler til prosjektet. Ein finn ikkje rom på budsjettet til å løyva 300 000 slik historielaget har søkt om, men innstiller på 250 000 for inneværande år.

Historielaget hadde søkt fylket om 1,2 millioner over fire år til prosjektet som er kostandsrekna til 8,4 millionar og berekna ferdig i 2012. Fylkesrådmannen stillar seg positiv til prosjektet, og uttalar at slike verk dannar eit fundament for naudsynt kunnskap om og forståing av regionen vår og utgjer ei rik kjelde for vårt kulturelle tilfang. Ytterlegare løyvingar vil ein koma attende til når budsjett for 2009 skal handsamast.

Artikkeltags