Programmet er laga av Fylkeskonsertanene i Hordaland.

Utøvarane kjener Hardanger og folkekarakteren der betre enn dei fleste, og dei har alle tre hatt Hauge og Tveitt på repertoaret i mange år. Men dette er fyrste gongen dei lagar eit program der både diktaren og tonediktaren står i fokus. Dei søkjer også å kasta ljos på kva rolle naturen og kulturen i Hardanger spelte for utviklinga av dei to kunstnarane.

Olav H Hauge vart fødd 18. august 1908, Geirr Tveitt 19. oktober same året.

- Det er eineståande at Hardanger har fostra to slike kunstnarpersonlegdomar på same tid, og det gir god grunn til å feire dei gjennom dette programmet, seier produsent Kjell Olav Heggstad i kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Lokal arrangør i Odda er Musikkens Venner i samarbeid med Odda Mållag.