Den 21. august og fram til 14. september vert utstillinga i Hardanger vist i Eidfjord, nærmare bestemt i Galleri N. Bergslien. Utstillinga er to-delt, den største delen vert vist som ei vandreutstilling i Hardanger. Den starta på Agatunet i mai. Og etter Eidfjord skal den vidare til Ulvik i samband med poesifestivalen og til Odda under Litteratursymposiet og den vil avslutta i Kvam i oktober.
Ein mindre del står no i Trygve Lie Gallery i New York og skal vidare til Korea i oktober.
Opningsdagen
På opningsdagen i Galleri N. Bergslien den 21. aug kl. 18.00 vert det
1 times Poesi- og musikkprogram -"Ein bete blåe rosor" med Olav H. Hauge sine dikt. Under tittelen 'Ein bete blåe rosor' henta frå diktet 'Borni leikar' les Arnhild Litleré (bilete) dikt og tekstutdrag frå Olav H Hauge sin forfattarskap. Arild B Nielsen (trompet, flygelhorn, seljefløyte) og Sigmund Vik (bass) framfører nyskriven musikk til Hauge sine dikt.
Verdenskunstnarar
Hauge og Tveitt skapte begge kunst av stor betyding. Dei lyfta det kvardagslege og sette det i nye perspektiv, gjennom sin kunstnarlege genialitet. Dei er både veldig mykje hardingar og verdskunstnarar og dei representerar eit kunstnarleg bakteppe i regionen, som me som kjem etter vert berika av.