Utstillinga i Agatunet er i år med Hardingpuls. Kunstnarane frå Hardanger har latt seg inspirere av Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, og har skapt nye kunstverk etter oppskrifta 1+1=3. Det vil seie at verket blir eit tredjeverk som står godt aleine, men speglar samtidig både inspirasjonskjelda og kunstnaren.
Vi vil få mellom anna sjå og oppleve måleri, fotocollage, elektroniske lydkomposisjonar, tredekor og grafikk. I utstillingsperioden vert det også vist ein ny dokumentarfilm om Olav H. Hauge laga av Hans Edvard Olsen.
Utstillinga går også i New York
Utstillinga er til sals og er todelt. Ein del vert vist i Trygve Lie Gallery i New York, den andre delen vert vist i Hardanger, først i Agatunet i perioden 10. mai - 17. august. Seinare kan vi mellom anna sjå utstillinga på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og på Litteratursymposiet i Odda.
Ungdomsutstillar på Agatunet i sommar er Lars Risan Sandås. Han opnar utstilling med tresnitt med motiv frå Hardanger den 8.juni.