Fest i rockens teikn

HardAnger Society imponerte mest på historias første Velurerock.

HardAnger Society imponerte mest på historias første Velurerock. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Rocken ljoma i heile fjorden til over 400 entusiastiske publikummarar. Velurerock 2008 var berre starten på det som ser ut til å bli ein fantastisk tradisjon.

DEL

Vestsida stilte opp då første Velurerock gjekk av stabelen med ein vanvittig salutt som ljoma heilt til Hovland. Over 400 betalande og eit arrangement som gjekk knirkefritt utan bråk eller problem.

Som seg hør og bør, starta Velurerock med kongesangen på gitarsolo. Spelt av Håkon Widding. Så kjem Bente Raaen frå rockestyret på scena og tell ned før ein salutt så kraftig at ølet skulpa over hos gjestene på Ekspedisjonen over fjorden markerte at Velurerock var i gang.

På scena stod Blind Torsk. Dei hadde sin avslutningskonsert. Major Parkinson hadde førpremiæresleppfest på debutplata. Men dei som overraska mest var HardAnger Society som sjølve hadde ringt ut til festivalen og spurd om å få lov til å spela. Med sine sju låtar viste dei at det var rock som var i sentrum for skredløpet.

Imponerte

Området hadde plass til mange, men arrangørane hadde begrensa det til 500 første året. Dersom det kom 200 ville festivalen gå i pluss og gi grunnlag for fleire år. Med 400 betalande var styret i Velurerock svært nøgde og lova å stilla opp med enda betre festival neste år.

Alle journalisten snakka med var imponerte over arrangementet, kulissene, lyden, musikken og stemninga. Fleire som er fødde i fjorden, hadde tatt turen heim berre for å støtta opp om arrangementet. Rundt 50 - 60 personar hadde tatt turen over frå austsida med båttaxien.

Les meir i HF-papir og på origo

For konsertanmeldelse kan du lesa morgondagens avis. Du kan også sjekka ut ein konsertgjengar si skildring av Velurerock 2008 på Hardangerfolk. Der finn du også andre bilde.

Artikkeltags