Fekk 25.000 til ny solo-CD

Artikkelen er over 11 år gammel

Musikaren Åse Teigland, frå Utne, var ei av fem heldige som fekk kunstnarstipend frå Hordaland fylkeskommune denne veka. Dei fem vart trekt ut av totalt 81 søkjarar.

DEL

Kultur- og ressursutvalet delte tysdag 5. juni ut 125.000 kroner til fem kunstnarar i fylket. Stipenda gjekk til keramikar Heidi Bjørgan, biletkunstnarane Trudi Jaeger og Kjersti Sundland, komponist Torstein Aagard-Nilsen og Teigland.

Musikaren frå Utne, bur i Bergen og arbeidar som frilansmusikar. Ho kan syne til eit gull i NM i landskappleik, i A-klassa for hardingfelespel. Ho har tidlegare gjeve ut solo-CDen «Dansarsteinen» og medverka på fleire andre utgjevingar. Felespelaren opptrer ofte med gruppene Skrekk og Trio Hardanger.

Kunstnarstipendet frå Hordaland fylkeskommune skal ho nytta til innøving av nytt repertoar, arbeid med innspeling av ny solo-CD og studiar av bogeteknikk.

Artikkeltags