Øyvind H. Solheim født 1947 voks opp i Odda, og etter artium utdanna han seg til lektor.
Ved sida av arbeidet i skulen, har han hatt tid til å skriva skjønnlitteratur.
I 1978 skreiv han romanen Stupet og i 1982 romanen Tellus 89.
I 2008 kom romanen Fabrikken - midt oppi debatten om Smelteverkstomta.
I Fabrikken møter lesaren arbeidsfolk ved smelteverket i Odda og familiane deira under 2. verdskrig og i etterkrigstid.
Solheim gjev ei svært grundig og levande skildring av arbeidsmiljøet ved fabrikken, ei skildring med dokumentarisk verdi.
Alle romanane hans er skrivne på nynorsk.
Han har skrive noveller, dikt, lærebøker og ei rad artiklar og kronikkar. Har utarbeidd ulike quizar (spørjespel) på nett frå den komande romanen og Odda.
I tillegg har Solheim skrive eit fint portrett av far sin, smelteverksarbeidaren, i Odda i manns minne nr.18.
Odda Mållag ser det som svært viktig å rosa oddaforfattarar som brukar nynorsk, ved å tildela dei ein målpris.
Årsmøtet meiner at Øyvind H. Solheim er ein god representant for utflytte oddingar som held på nynorsken. Han fortener målprisen for 2009, eit trykk av biletkunstnar Solfrid Aksnes, «Bokstavflygarar».