Arild Helleland attende til operaen

FLAGGAR UT. Det er ikkje lenge mellom kvar gong Arild Helleland dreg utanlands for å gleda mange med songen sin. I kveld er han i Catalania. Men frå august neste pr vert han fast ved operaen.
Foto: Johs H. Sekse

FLAGGAR UT. Det er ikkje lenge mellom kvar gong Arild Helleland dreg utanlands for å gleda mange med songen sin. I kveld er han i Catalania. Men frå august neste pr vert han fast ved operaen. Foto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 9 år gammel

Pensjonisten Arild Helleland har fått nytt, fast engasjement ved Den Norske Opera. Men fyrst skal han gjera mykje anna. Alt i kveld held han til dømes konsert saman med Geir Botnen i Catalania.

DEL

Då HF intervjua Arild Helleland tidlegare i sommar, skrytte han av dei fantastisk gode øvingslokala i den nye operaen.

Når me ringjer han måndag kveld denne veka, har han ikkje endra meining.

- Eg kjem faktisk derifrå nett no, seier han, og fortel at han for tida leiger øvingsrom her. Men frå august neste år og to år framover, skal operaen på nytt vera arbeidplassen hans. Og det er på nytt på fleire måtar, ikkje minst bygget i Bjørvika.

- Det må vera litt rart å få fast jobb etter nokre år som pensjonist.

Re-debuterer 30 år etter

- Ja, du kan så seia, vedgår han. Etter det HF forstår er Arild den fyrste pensjonerte songaren som har fått fast engasjement ved Den Norsk Opera. Og det skjer 30 år etter at han kom dit i starten av karrieren.

Frå 1989 til 2004 var han nemleg fast tilsett her. Også i 2005 hadde han ein del rollar ved operaen. Sjølv om han var tilsett i Oslo, var han i lange periodar utleigd til operahus i mange andre byar og land.

Livet som aktiv var til tider hektisk. Og då han pensjonerte seg, vart det ikkje mindre. Han har turnert både land og strand.

Jolekonsert

Like fullt har han stort sett alltid hatt tid til å «dela» litt av seg med oss her heime også. Dette siste året starta han i så måte med Nyttårskonserten med Odda Musikklag i januar. Under Hardanger Musikkfest hadde han, saman med Inger Elisabeth Aarvik, regien på «St. Hallvard ved fjorden» som vart framførd i Ullensvang kyrkje og Eidfjord kyrkje.

I september gledde han rekordmange tilhøyrarar med «Svisker og Champagne» på Energihotellet på Nesflaten. Saman med sopran Itziar Martinez Galdos og Oslokoret Vox, framførte dei brotstykke frå operettane «Czardas-Fyrstinnen» og «Den glade enke».

19. desember skal han elles vera med på jolekonsert i Ullensvang kyrkje saman med Maria Digranes, Ranveig H. Lægreid og Ullensvang barnekor.

Mykje utanlands

I tillegg til det har det vorte svært mykje utanlandsoppdrag. Tidlegare i haust var han på turne til Murmansk som solist med Den norske Opera.

- To gonger i Russland, Athen, Bukuresti.....

Stadene han listar opp er mange. Etter mange år med endå fleire reisedøger har han etter kvart godt kjend i mange land.

- Eg er ein sigøyner, seier han, og understrekar det på sett og vis med å fortelja at han alt torsdag set kursen ut av landet og sørover. Øvinga den kvelden me ringde galdt nettopp den konserten som han og Geir Botnen skal halda i Catalania nord for Barcelona i kveld.

25 år saman

Det vert på sett og vis også eit jubileum. Det er nemelg 25 år sidan dei to heldt konsert saman for fyrste gong. Han minnest det godt. Det var på Framnes i 1983. Salen, som diverre brann ned seinare, hadde svært god akustikk, minnest han.

Sidan då har dei turnert mange stader. Seinast no i september då dei var i New York. Og i kveld står ei ombygd kyrkje i ein liten by nord for Barcelona for tur.

Konserten deira er ein av i alt sju som skal haldast same stad med ulike aktørar kvar fredag fram til jol. Han og Botnen fekk oppdraget av to pianistar som dei trefte i St. Petersburg i oktober i fjor.

Gamle grendi på Catalansk

På programmet i kveld står musikk av Geirr Tveitt, Edvard Grieg, Eyvind Alnæs og Christian Sinding. Tekstane er av mellom andre Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Henrik Ibsen, Per Sivle, Olav H. Hauge og Vilhelm Kragh.

- Eg er litt spent. Eg må nemleg kunna 24 tekstar utanåt, seier Arild. Han er likevel glad for at han skal syngja dei på norsk. Men publikum vil få med seg handling og innhald. Alt er nemleg omsett til catalansk, seier han og lurer på korleis «Gamle grendi» av Ivar Aasen høyrest ut på det språket.

Artikkeltags