Tretten særs dyktige kunstnarar med lokal forankring stiller ut kunstverk over eit breitt spekter uttrykksformer - frå måleri og musikk til bølgjepapp. Alle har lete seg inspirera av kva Hauge og Geirr Tveitt har skapt, men fyrst og fremst er det gartnaren frå Ulvik som odla dei spora kunstnarane av i dag har valt å fylgje til denne utstillinga.
Ein bete blåe rosor
Ord og tonar opna sesongen i Agatunet. Førestillinga «Ein bete blåe rosor» er og ein del av «Inspirert av Hauge og Tveit»- året. Skodespelar Arnhild Litlere har sett saman eit program med utvalde dikt og tekstar frå Hauge sine dagbøker. Komponist Arild B. Nielsen har laga musikk til dei utvalde blåe rosorne. Saman med bassist Sigmund Vik akkompagnerte han på trompet, seljefløyte og «vindharpe».
Det var ei stemningsfull oppleving i Lagmannstova. Saman med dikta, gav betene frå dagbøkene nokre glimt inn i Hauge si verd og me fekk liksom vere med inn livet hans. Nielsen sin vakre, vare og tidvis suggererande musikk - var med på å skape ein heilskapleg bukett av perlene frå Hauge si hand - flott presentert av Arnhild Litlere.
Utstillingskunstnarar
Kristi Skintveit er tekstilkunstnar og vevar. Ho har levert åklær der Hauge-dikt er brodert på. Eitt heng på veggen, medan to er breia over senger, klare til å legga seg under. Den silkefora «Kvitel for kveitebrødsdagar» med diktet «Svevn» set tankar og draumar i gong. Likeeins fargerike «Skakkatådne og svarte augo». Det er vakkert - det er tradisjon - det er nyskaping. Det er arven vår.
Rosemålinga til Anne Hesvik Kartveit er berre lekker. Kunstnaren er perfeksjonist og har tilegna seg dei klassiske målartradisjonane som ho evnar å gje liv og setja inn i nye samanhenger - som dekor på tre - urner og bollar - eller som måleri. Ikkje mange kan gjera dette slik ho meistrar det; strekker og skapar ornamentikk. Penselstroka er fine, ho kan fargar - og ho let oss glytta inn i ei anna tid; ei tid ho gjenskapar i ny drakt.
Måleria til Randi Sandven Skeie fascinerte også. Mykje grønt, hardangergrønt, og ekspressive følelsar. Bileta var som skapt for «grøne-stova» i tunet. Mellom dei bileta som ikkje fekk plass, men som forhåpentlig kommer opp på neste stopp for utstillinga, er «Ein stein til...»„. Eg fall for det. Svart bakgrunn med to mjukharde hogde steinar som ein del av vegen for å komme yver - og vidare.
Kwestan Jamal Ali sitt måleri «I Ulvik» må opplevast. Det har så mange lag, så mange mogelegheiter for å dikta sjølv innan råmene han har lagt, mellom bygga han har satt opp på lerretet. Her er fleire vegar inn i landskapet - både det fysiske og det sjelelege.
Bileta til Solfrid Aksnes eksploderer mot deg. Ho ha nytta fotocollage og har gjenge inn i folketonane sitt landskap. Geirr Tveitt ville nok vore nøgd med den inspirasjonen.
Vandrar vidare
Utstillinga vandrar vidare etter sesongslutt i Agatunet; til Eidfjord, Ulvik, Odda og Norheimsund. Og Litlere og kompani kan og opplevast andre stader. Me anbefalar både utstillinga og konserten og alt som høyrer med under Hauge/Tveitt-jubileet. Dette er kvalitet, oppleving og inspirasjon. I desse terningkasttider landar den utan tvil på ein seksar.