Meteorologisk institutt har i dag heva farenivået for gras- og slyngbrann til oransje. Det skriv 110 Vest på Twitter klokka 13:38 måndag.

– Berre i helga har me hatt åtte hendingar relatert til dette i regionen vår, skriv instituttet vidare.

Det vert oppmoda om å legge att fyrstikkene heime, dersom ein skal ut på tur. Varsom.no varslar stor skogbrannfare i heile Vestland. Ein vert oppmoda å vere forsiktig med open eld.