Jubileumskonsert i Herand

17. mai: Herand musikklag. Arkivfoto: Svein Knutsen

17. mai: Herand musikklag. Arkivfoto: Svein Knutsen

DEL

Herand musikklag inviterer til konsert laurdag 9. november i Herand kulturhus for å feira sine første 60 år.

Korpset består av ca. 16 aktive musikantar i alderen 17 til passert 70. Dei vil i første bolk spela nytt repertoar. I andre bolken vert dei forsterka av tidlegare medlemmer som er med på godbitar frå tidlegare repertoar.

Musikklaget har fast oppdrag 17. mai både i Herand og i Jondal, og spelar mellom anna på Handverksmessa. Under konge- og dronningbesøket nyleg, fekk dei og høve til å spela.

Som seg høyr og bør på jubileumsfeiring, vert det middag med etterfølgande kaffi og kaker.

- Me er stolte over at me har eit korps i ei så lita bygd, seier Ingeborg Huus, tidlegare leiar i musikklaget og den som no held i trådane for jubileumskonserten.

I tillegg til medlemmer frå Herand, er det og nokre frå Krossdalen og Jondal, fortel ho. I likskap med korps landet over, slit også Herand musikklag med rekruttering, så om nokon vil vera med i musikklaget, er dei hjarteleg velkomne i gjengen.


Artikkeltags