Tredreiing : Arne Bakke Melen demonstrerer.
Una Eiken

- Ei rik oppleving for både gane og sinn

I løpet av eit år er det tallause dagar og marknader ein kan besøka i Hardanger. Alle med eit breitt spekter av kulturtilbod og varer. Haustmarknaden i Herand er kanskje den minste av alle desse arrangementa, men likevel ei rik oppleving for både gane og sinn.
Av
Publisert
DEL

Omtale av Haustmarknad i Herand:Dette året var det Hardanger Big Band, under stødig leiing av Arild B Nilsen, som opna marknaden. Hardanger Big Band har base i Jondal, men hentar medlemmene sine frå heile Hardanger.

Nilsen fortalde at bandet i år har eksistert i 31 år, og det var med skam å melda at dette var første gongen dei spelte i Herand.

Hardanger Big band: Opna marknaden.

Hardanger Big band: Opna marknaden. Foto:

Bandet presenterte eit tradisjonelt storband repertoar med solide solistar frå eigne rekker. Eg vil tru at det ikkje er ofte denne typen orkester trekker fullt hus klokka 11 på formiddagen.

Etter konserten nytta leiar i Herand bygdelag, Gunnar Dalseth høve til å takka Trym Klingenberg og Gyri Wahl for innsatsen dei har gjort for bygda gjennom dei 12 åra dei har drive «Kramsjø» på brygga i Herand.

Dei fekk ein ølbolle dreia av Arne Mælen i gåve frå bygda.

Arne Mælen hadde stand utanfor lokala ved kulturhuset der han demonstrerte tredreiing for publikum. Det er utruleg kva den mannen kan få ut av eit stykke tre.

Sjølve salsmessa er organisert slik at produsentane leverer inn varene sine, og så riggar bygdelaget det som ei krambu og står for salet. Dette skaper ein triveleg atmosfære der varene vert godt presenterte i fine estetiske rammer.

Eit anna høgdepunkt på messa i år var dokumentarfilmen om den siste båtbyggaren, Sverre Haugen. Herand har lange tradisjonar som båtbyggjarbygd, men med Sverre som no er 87 år gammal er det slutt på dette handverket i Bygda.

Filmen er laga av Merethe Offerdal Tveit frå Kvinnherad og er blitt ein svært vakker og vemodig dokumentasjon av eit handverk som tida gjekk ifrå.

Komlemiddagane er ein tradisjon som står sterkt i Herand, og er noko bygdelaget har stelt i stand nesten sidan laget vart skipa.

Komlemiddag: Komlekokkane i full sving, Einar Samland og Kaia Guldbrandsen.

Komlemiddag: Komlekokkane i full sving, Einar Samland og Kaia Guldbrandsen. Foto:

Dette er eit populært tiltak i ei bygd som berre har kafé i sommarhalvåret, og sjølvsagt var det komle å få kjøpt på marknaden. Om du ville ha ein kaffikopp og eit kakestykke etter middagen så stod ungdommane i Luren 4H klare til å servera det.

Artikkeltags