Her viser Caroline og Harald fram hotellet sitt til fleire hundre tusen TV-sjåarar via Skype

Førre helg var gründerane bak Hardanger Fjord Lodge og Hotel Sundal hovudinnslag på Norge rundt. På grunn av innreiserestriksjonar og for å hindre smitte, måtte dei filme sjølv via Skype.