Gå til sidens hovedinnhold

Her kan du sjå den offisielle 17. mai-sendinga

Gunn Gravdal Elton i Oddakonsertene har på oppdrag frå Ullensvang kommune laga ein video som blir publisert 17. mai klokka 10:00.

  • Vi vil sjå dine bilde frå feiringa. Send inn til redaksjon@hardanger-folkeblad.no. Hugs namn på fotograf og kven som er på bildet. Vi trekk ut ein heldig vinnar som får eit gåvekort på 2000 kroner frå Ullensvang handel.

17. mai-filmen varar i ca. 1 time og 20 minutt og alt innhald er laga for alle innbyggjarar i kommunen. FIlmen kan du sjå både på hardanger-folkeblad.no og på kommunen sine heimesider.

Programmet for sendinga ser omtrent slik ut:

1. Tale med ordførar Roald Aga Haug

2. Russetale frå Hovden

3. Tale av elevrådsleiar ved Odda barneskole

4. Sang av 3.-klasse ved Odda barneskole

5. Hovudtale for dagen, ved kulturminister Abid Raja.

I tillegg blir det også ei rekke andre programpostar, opplyser produsent Gunn Gravdal Elton.

6. Besøk i Gardeleiren hos Bjørn Bogetvedt. Intervju med Bjørn og reportasje frå øvinga til gardistane. I tillegg kjem det et musikalsk innslag frå Garden med helsing til Odda.

7. Musikkinnslag med Helene Bøksle – blant anna Fagert er Landet

8. Det blir også i år, som i fjor, innslag frå Hallgeir Opedal – som i år kan avsløra ei oppsiktsvekkande oppdaging

9. Postmannen sine favorittstader i kommunen

10. Musikkinnslag som Ja vi elsker, kongesangen og Fager kveldssol smiler.

Nasjonaldagen blir også markert på andre måtar.

Odda Fotballklubb, som er arrangør for 17. mai, opplyser at det for det meste vert digital feiring i år.

– Det vert tradisjonell kransenedlegging ved minnesmerke. Grunna smittevern er desse markeringane ikkje for publikum. Kvar bygd og grend har ansvar for eigne markeringar og feiringar som er annonserte lokalt, opplyser dagleg leiar i OFK, Guro Fresvik.

Det er mellom anna laga til eit aktivitetsheftet som er laga spesielt for born som feirar dagen heime. Heftet vert mellom anna publisert på OFK si Facebookside.

Her vert det og lagt ut ulike konkurransar for dagen.

Det offisielle programmet i Ullensvang kommune ser slik ut:

kl. 07.00 Salutt (dei fleste bygder/grender)

kl. 08.00 Salutt og flaggheising (Odda)

kl. 08.00 Konkurransar vert lansert på OFK si Facebook side

kl. 10.00 Felles videoprogram – 17. mai i Ullensvang kommune:

kl. 12.00 Salutt

kl. 12.00 Alle syng nasjonalsongen

kl. 20.00 Konkurransar i regi av OFK vert avslutta.


Kommentarer til denne saken