Her kan det koma nye skiheisar, leilegheiter og hyttefelt

Planlegg nytt skianlegg, hytter og leilegheiter i Håradalen. Oddvar Bratteteig frå Røldal skisenter og André Botnen frå Håradalen utvikling

Planlegg nytt skianlegg, hytter og leilegheiter i Håradalen. Oddvar Bratteteig frå Røldal skisenter og André Botnen frå Håradalen utvikling Foto:

Det er få ledige hyttetomter i Håradalen, og skisenteret går glipp av barnefamiliar. Dermed vil røldølane no byggja ut eit heilt nytt område med heisar og hytter.

DEL

– Om ein stoppar på parkeringsplassen og ser oppover ser ein berre den brattaste nedfarta. Her vil ein koma ut av bilen og rett til eit område tilrettelagt for barnefamiliar, seier Oddvar Bratteteig.

Den daglege leiaren ved Røldal skisenter har lenge tenkt på å utvida for å nå fleire barnefamiliar. I dag må dei ta Røldal ekspress for å nå barnetrekket, men om nokre år kan eit heilt nytt anlegg stå klart.

I 2018 hadde ikkje Håradalen utvikling fleire tomter å selja, og dermed meiner Bratteteig at det passar som hand i hanske at dei no går saman om å byggja ut eit heilt nytt område.

Planlegging: Oddvar Bratteteig frå Røldal skisenter og André Botnen frå Håradalen utvikling viser kvar sei ser for seg området for barnefamiliane.

Planlegging: Oddvar Bratteteig frå Røldal skisenter og André Botnen frå Håradalen utvikling viser kvar sei ser for seg området for barnefamiliane. Foto:

Det er Håradalen utvikling som eig grunnen, som ligg ved avkøyringa til gamlevegen over Saudafjellet.

– Dette er eit betre område vêrmessig. Me prøve å laga det som folk spør etter i dag, forklarar André Botnen som er dagleg leiar for Håradalen Utvikling.

Han legg til at kommunen er positiv til utbygginga, og at dei har dialog med Statens vegvesen om utbetring av krysset frå E134. Om dei sjølve må ta kostnaden med utbetring vert det krevjande, men Botnen håpar dei finn ei god løysing.

Byggjestart?

Om alt går etter planen håpar utbyggjarane på byggjestart i løpet av 2020/21. I løpet av nokre år kan det då stå klart fire nye skiheisar, hytter og leilegheiter.

– Det vert ein ypparleg base, reklamerer Bratteteig som på sikt vil knytte det noverande skisenteret saman med det nye ved hjelp av heis.

Planlegg nytt skianlegg, hytter og leilegheiter i Håradalen. Oddvar Bratteteig frå Røldal skisenter og André Botnen frå Håradalen utvikling

Planlegg nytt skianlegg, hytter og leilegheiter i Håradalen. Oddvar Bratteteig frå Røldal skisenter og André Botnen frå Håradalen utvikling Foto:

I første omgang vil han ha på plass barnetrekk og leilegheitsbygg med servicesenter i kjellaren. Deretter vil ein gradvis utvikla området, som ligg på Malkeplassen i Håradalen.

– Me vil vidareføra den opphavlege namnebruken og ha gamle stadnamn, seier Botnen som har tru på prosjektet.

Han poengterer at ein også vil leggja til rette for langrenn i området. Det var i februar at Håradalen Utvikling melde oppstart av ny reguleringsplan i området langs RV520, og i kommunedelplanen er det her opna for hytter, leilegheiter, næringsaktivitet og skitrekk.

– Det vert planlagt for ein ny barneheis og parkområde, samt servicebygg med varmestove, skiutleige og leilegheiter. Litt fram i tid er planen å knytte dette området saman med Røldal Express med ein ny skiheis, skriv dei på sine heimesider.

Når dette er ferdig utbygd vil Røldal Skisenter ha ein total fallhøgde på kring 700 høgdemeter. Bratteteig er ikkje redd konkurranse frå andre skianlegg.

Utvikling: Planlegg nytt skianlegg, hytter og leilegheiter i dette området. Bilda vart tatt i november, så snømengda har endra seg.

Utvikling: Planlegg nytt skianlegg, hytter og leilegheiter i dette området. Bilda vart tatt i november, så snømengda har endra seg. Foto:

– Dess fleire nye anlegg me får, dess fleire vil ut på ski. Då vil dei heller sirkulera litt mellom ulike stader, kommenterer Bratteteig.

Han anslår at kring 80 prosent av gjestene til Håradalen er frå Rogaland, men ser og at enkelte kjem frå Bergen, Os, Stord og Kvinnherad. Erfaring viser at dei dyraste tomtene, som ligg nærast anlegget, vert selde først.

På sikt ser Bratteteig for seg buss mellom dei to anlegga, men først må det heile godkjennast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken