Her har dei fått døgnopen butikk – logg deg inn med bankkortet

Fredag var det offisiell opning av det nye tilbodet ved Herand Landhandleri. No kan ein handle i butikken til alle tider, gjennom å «logge seg inn» i butikken med bankkortet. Christel Johansen, dagleg leiar i Herand Landhandleri, ser tilbodet som særs verdifullt for butikken og bygda.