Politiet i Hardanger melder at dei er på staden etter ei melding om ein bil som har køyrd gjennom eit butikkvindauge ved Power i Odda. Staden har adresse Folgefonngata. Power ligg like over gata frå Hardanger politistasjon.

Føraren skal vere oppegåande, og det er elles ikkje meld om nokon personskadar.

Hendinga skal ha skjedd like før 09:30 torsdag morgon.

– Det var ein godt vaksen mann som køyrde inn i ruta på Power sin fasade. Materielle skadar. Politiet er på staden og opprettar sak. Me vurderer så langt at det ikkje er grunnlag for beslag av førarkort. Det var nok eit uhell.

Det seier straffesaksansvarleg ved Hardanger politistasjon, Morten Fosse, til Hardanger Folkeblad klokka 10 torsdag føremiddag.