Sist ein liknande dag har vore arrangert i Odda var i 2019.
Naudetatane får god trening, medan elevane får eit inntrykk av kva konsekvensar fart kan gjera av skade.
– Elevane fekk mellom anna prøva promillebriller og oppleva simulator med bråstopp. Dei fekk gode tips om branntryggleik, lading og demonstrasjon av utstyr. I tillegg fekk dei informasjon om førstehjelp og kva kriseteamet i kommunen bidrar med i krise, opplyser skulen til Hardanger Folkeblad.
Midt på dagen fekk alle elevane væra tilskodarar då ein bil vart slept frå ein heisekran.
Fallet skulle visa korleis ein bil kan sjå ut ved ei kollisjon på 60–70 km/t. To elevar fekk i oppdrag å melda inn ulykka til naudetatane og slik fekk elevane vere vitne til korleis ei utrykking går føre seg.
Det vart også delt ut quiz om ulike tema og tre elevar vart trekt ut som vinnarar av kvar sin førstehjelp-kit frå Røde Kors.