Gå til sidens hovedinnhold

Henta med luftambulanse etter motorsykkelvelt

Artikkelen er over 1 år gammel

Ulykka skal ha skjedd i samband med eit arrangement hos Hardanger Cross og Trial klubb.

Klokka 12.45 laurdag vart Vest politidistrikt varsla om ei ulykka på ein motorsportbane ved Utne. Føraren skal ha vorte skadd i ein velt.

«Fører fraktet til sykehus med luftambulanse. Ukjent skadeomfang, men var bevisst når fraktet vekk», heiter det på Twitter.

Politiet er på staden og gjere undersøkingar. Hardanger Folkeblad har ikkje lukkast med å få nokon kommentar frå politet om saka laurdag ettermiddag.

Ulykka skal ha skjedd i samband med eit arrangement hos Hardanger Cross og Trial klubb. Klubbmeisterskapet vart avslutta etter uhellet.

Kommentarer til denne saken