Carine (33) fekk sjeldan sjukdom: - Arra er mine medaljar

Som 25-åring blei Carine Saue Rasmussen så dårleg i magen at ho til slutt måtte leggast inn på sjukehus. To månader etter at ho hadde blitt diagnostisert med Morbus Crohn, begynte ho å få utslett på beina. Det utvikla seg til store, opne sår som ho til slutt måtte leggast i narkose for å bli kvitt.