Vil ha slutt på korridorpasientar i Helse Fonna

Av

Brukarutvalet til Helse Fonna vil ha slutt på korridorpasientar på sjukehusa til helseføretaket.

DEL

På styremøtet i Helse Fonna onsdag bad brukarutvalet om at styret for føretaket held fram arbeidet med å redusere talet på korridorpasientar slik at ingen pasientar må liggja på gangen, heiter det i ei pressemelding frå føretaket.

Utvalet peikte på at Helse Fonna har fleire korridorpasientar enn nasjonalt måltal.

Sjukehusa som soknar til føretaket er Haugesund sjukehus, Stord sjukehus, Odda sjukehus og Valen sjukehus.

Også ungdomsrådet var med på møtet. Ungdomsrådet ønskjer å fremje arbeidet mot sjølvmord og setje søkjelys på ivaretaking av barn som pårørande. Dei krev at familien vert involvert når mor eller far blir sjuk.

Dei ønsker å bidra til at born og unge får eit betre tilbod i Helse Fonna, anten dei er sjuke sjølv eller har sjukdom i nær. 

Artikkeltags